Kraft-konferansen 19. februar på Leirvik bedehus nærmar seg med raske skritt. Me er veldig glade for at det no er opna opp for at me kan få denne til fysisk.
Påmelding her: År 2022 B KRAFT-konferanse – Google Forms
Konferansen kostar kr 400,- (inklusive middag) ved påmelding før 10. februar. Etterpå stig prisen til kr 600,-.
Konsert med Sveinung Hølmebakk
Konserten med Sveinung Hølmebakk torsdag blei delt i to:
Torsdag 16. des kl 18 og Torsdag 16. des kl 20 med plass til inntil 50
Konsertane vert vart avholdne med gode smittetiltak.
Det er plass til inntil 50 på kvar konsert , nummererte seter og avstand mellom setene. Det blir tilviste seter med rekkenummer 1-6 og setenummer 1-8.
Det vert spriting, ledig sete mellom deltakarane, og god plass. Dei som vil må gjerne bruka munnbind, dette blir delt ut under registreringa dersom du vil ha.
Konserten til Ingebjørg Andrea Ådnanes vart dessverre avlyst.
Du får nyta den flotte musikken til Ingebjørg på Spotify istadenfor:
Link til Ingebjørg sin Spotify profil
Melding til deltakarne på UKS 12 mars.
Denne meldinga har me sendt til alle deltakarne på UKS 12 mars
Ein av ungdommane på UKS Leirvik Bedehus 12.03 testa positivt for Covid-19. Ca 40 ungdommane som var på denne samlinga, vart definert som nærkontakt til den smitta og måtte derfor vere i karantene og testes.
Status opp-pussinga i kjellaren
Gode nyheter, då er me ferdig med del ein av oppussinga i kjellaren, fått veggane der dei skal vera, rydda og vaska ut. Tusen takk til alle som har vore innom på dugnad, og til dei som ikkje fekk mulighet kjem fleire sjangsar om nokre veker. No blir det ein pause medan me bestemmer overflater og kjøper inn det som skal til, og elektrikarane og andre får jobba seg ferdige. Kjellaren kan no brukast som normalt, sjølv om ikkje alle overflater er ferdige.
Nyttårsafta med UKS og IUF!
Nyttårsafta blir det nok ei EPISK nyttårsfeiring med UKS og IUF oppe på Leirvik Bedehus!!! Me byrjar kl 20:00 og det varer til kl 02:00. Prisen er 250 med evt søskenrabatt kr 50. (200+200)
På grunn av smittevern er det plass til 50 deltakere pluss arrangør, og dersom det blir fleire enn 50 påmeldte blir det venteliste.
Siste informasjon: Me har snakka med kommunen om arrangementet og gjer litt endringar etter dei innspela me fekk der. Me serverer kinamat, og endrar litt på bordoppstillinga. Bortsett frå det, ønska dei oss et godt arrangement. Me bruker planane frå i fjord og satsar på ei kjekk samling. Foreløpig er det 31 påmeldte.
Dresskode: Passe fint, men la ikkje kle hindra deg. Me er 3 voksne og skulle gjerne vore 5. Er det nokre som har lyst å feira med oss? Underhaldnings-planlegginga er godt igang og borda blir dekka i dag. Dette blir kjekt!
https://forms.gle/62CkALjAYqsbF41MA
Arrangementet er rusfritt, og er for ungdommar frå 8. klasse og oppover. Det blir god mat, underhaldning, leikar, midnattsandakt og masse god stemning! Fem på tolv går me ut og ser på rakettar, og seier velkommen til det nye året! Me har kjøpt inn fyrverkeri, og du kan ikkje ta med eige uten avtale. Alle må bli henta når dei skal heim, eller gjera avtale med oss på forhånd for å forlata festen. Ta kontakt dersom du treng hjelp med heimtransport.Håper DU kjem!! Ta på finkle og godt humør! Ta gjerne kontakt med Johny på mob 90664877 dersom du lurer på noko. Me snakkes!