Konsert med Sveinung Hølmebakk

Konserten med Sveinung Hølmebakk torsdag blei delt i to:
Torsdag 16. des kl 18 og Torsdag 16. des kl 20 med plass til inntil 50
Konsertane vert vart avholdne med gode smittetiltak.
Det er plass til inntil 50 på kvar konsert , nummererte seter og avstand mellom setene. Det blir tilviste seter med rekkenummer 1-6 og setenummer 1-8.
Det vert spriting, ledig sete mellom deltakarane, og god plass. Dei som vil må gjerne bruka munnbind, dette blir delt ut under registreringa dersom du vil ha.

Konserten til Ingebjørg Andrea Ådnanes vart dessverre avlyst.
Du får nyta den flotte musikken til Ingebjørg på Spotify istadenfor:
Link til Ingebjørg sin Spotify profil

Melding til deltakarne på UKS 12 mars.

Denne meldinga har me sendt til alle deltakarne på UKS 12 mars

Ein av ungdommane på UKS Leirvik Bedehus 12.03 testa positivt for Covid-19. Ca 40 ungdommane som var på denne samlinga, vart definert som nærkontakt til den smitta og måtte derfor vere i karantene og testes.

Status opp-pussinga i kjellaren

Gode nyheter, då er me ferdig med del ein av oppussinga i kjellaren, fått veggane der dei skal vera, rydda og vaska ut. Tusen takk til alle som har vore innom på dugnad, og til dei som ikkje fekk mulighet kjem fleire sjangsar om nokre veker. No blir det ein pause medan me bestemmer overflater og kjøper inn det som skal til, og elektrikarane og andre får jobba seg ferdige. Kjellaren kan no brukast som normalt, sjølv om ikkje alle overflater er ferdige.