BARNEGOSPELFEST!

Søndag 25.mars kjem Jarle Waldemar til Leirvik bedehus. Først på dagen blir det øving for barn som har lyst å vere med å synge. Kl.1600 blir det barnegospelkonsert for heile familien. Alle er velkomne til å vere med. Jarle Waldemar er ein barneevangelist som byrjar å bli kjent for dei fleste. Han har ei fantastisk evne til å fange merksemda til ungane samtundes som han formidlar budskapet om Jesus på ein levande og kreativ måte. Du kan lese meir om han på heimesida hans www.barnesang.no Arrangementet er denne gongen eit samarbeid mellom Leirvik bedehus, Horneland bedehus og DFEF Fredheim. Bli gjerne med å spre denne informasjonen. Me vonar mange blir med oss på dette! Gud velsigne deg i det arbeidet du står i!

Program:
12.00 – 12.30: Registrering
12:30 – 14:00: Øving
14:00 – 14:30: Mat
14:30 – 15:30: Øving + lydsjekk
 
16:00 – 17:15: KONSERT Jarle Waldemar saman med lokalt barnekor.
Jarle deltar også m/kreativ preken, allsang og trylling.
 
Pris:
Barn over 4 år: kr 50,- heile dagen
Barn under 4 år i følgje med vaksen
Konsert kr 50,- pr. barn/vaksen
Familiebillett kr 150,-

Misjonssambandet

minner om møteveke ved Leirvik Bedehus tysdag t.o.m. søndag (ikkje laurdag).
Talar er områdearbeidar i Region Sørvest, Stein Sandvik frå Jørpeland.
Annonse også i Bladet Sunnhordland tysdag og fredag.

Sjå kalender til høgre for møtetidspunkt.

Vintermøte

Me hadde eit flott Vintermøte!

Lovsong på vintermøtet

 

Generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Erik Furnes talte, og det var mykje song og musikk, barneprogram,  IMS -hjørne, gjester og god forkynning! Det kom masse folk og me hadde det flott i lag!

Vintermøte

Indremisjonssamskipnaden håpar på stort frammøte og ei flott samling med program for alle aldrar når dei skipar til Vintermøte komande sundag. Hovudtalar er generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Erik Furnes, som også har ei fortid på Stord saman med kona si Anne.

Vintermøte vert ei samling med song og musikk, barneprogram,  IMS -hjørne, kveldens gjester og  forkynning, seier dagleg leiar Svein Bjarne Aase.  Erik Furnes som er kveldens talar, kjem opphavleg frå Giske på Sunnmøre. Han har fleire år bak seg som kretsleiar i Sunnmøre Indremisjon og formann i Indremisjonsforbundet. Sommaren 2009 flytta familien frå Sunnmøre til Bergen der Erik tok over som generalsekretær i Indremisjonsforbundet, medan kona Anne starta som bibelskulelærar på Bildøy bibelskule. Anne og Erik Furnes er også godt kjente for mange på Stord frå åra dei budde her, og var aktivt med i misjonsarbeidet i Leirvik bedehus.

På vintermøte får me også vitjing frå Aksdal. Det er Solveig og Geir Arne Eriksen som vil fortelja om korleis livet vart endra då dei tok del i nokre aksjonsmøte i Aksdal kyrkje. For Geir Arne førte desse møta til at livet fekk eit anna innhald, og for heile familien vart det ein heilt ny kvardag. Me vil ha ein samtale med Geir Arne på møte,  og Solveig vil også gleda oss med song.

Elles vil mange av våre lokale leiarar og musikkarar delta. Me gler oss til Vintermøte i Leirvik bedehus og  ynskjer alle hjarteleg velkomne !

Forsamlingshelg på Solgry 27.-29 april!

Stord Indremisjon treng nokre fleire, i alle aldrar, til å vere med i arrangørgruppe for Forsamlingshelg på Solgry 27.-29 april! Dersom nokon ynskjer å vere med i arrangørgruppa kan dei ta kontakt med Gunhild Aadland Rolfsnes : epost gunhildsofie@yahoo.no

Møteveka fortset!

Etter mange sitt ynskje er det beslutta at møteveka fortset!

Møteveka fortset!
Møteveka fortset!

Claus talar. Det vert møte:

Onsdag 1. februar kl 19.30,

Torsdag 2. februar kl 19:30

Søndag 5. februar kl 17:00

ALLE er hjarteleg velkomne. Det er bønemøte ein halv time før møtet. På søndag vert det samling for borna under talen.

 

Me hadde eit fint søndagsmøte!

Søndag 29 januar var det det siste møtet på dei to møtevekene med Claus Muff. Lovsongsbrørne deltok med song. Det var mykje folk.

Lovsongsbrørne
Lovsongsbrørne song
Claus Muff talte
Claus Muff heldt tale