Julemesse laurdag 12. november

J U L E M E S S E
Laurdag 12.november
Kl 10.30 Opning av Julemessa,
Kl 12.00 Familiemøte ved Martin Lindhjem
Song av Levande Lys
Kl 17.00 Andakt ved Martin Lindhjem
Kl 18.30: Hovudtrekning
Heile dagen: Sal av lodd, åresal og varer, fiskedam,
Kafeteria med kaffi, kaker, smørbrød og KINAMAT. Eitt kransekake-/fruktkorglotteri om føremiddagen og eitt på ettermiddagen.
Alle Velkomne Misjonssambandet

Laurdag, 12.november, skipar Misjonssambandet til den årlege og tradisjonsrike julemessa på Leirvik Bedehus. Sidan 1961 har det vore fast førejulstradisjon med Misjonssambandet si julemesse. Julemessa i år er den 56. i rekkja. Det vert samlingsstund med andakt av Martin Lindhjem både før- og ettermiddag og om føremiddagen song av barnekoret Levande Lys. Det vert lodd- og åresal heile dagen. Også i år er det mange fine gevinstar. Du kan vera med på kransekake- og fruktkorg lotteri både føremiddag og ettermiddag. Forutan loddsal og basar vert det kafeteria med sal av heimebakte kaker, kaffi og kinamat. I tillegg vert det sal av kortreist mat som julebakst, honning, heimelaga tomatsild, eplemos og mykje meir. Det vert ikkje mannekengoppvisning i år, men som tidlegare år, høve til å kjøpa klede frå Elvira og tova ulltøflar frå Mongolia m.m.. Inntekta går til eit vidt femnande misjonsarbeid innan evangelisering og bistandsarbeid som helse, utdanning og jordbruk i misjonsland i Afrika, Asia og Sør-Amerika. Set av tid på laurdag til julemesse og ein førejulsdrøs rundt basarbordet med kinamat, smørbrød og heimebakte kaker på tallerken, kaffi i koppen og litt åndeleg påfyll. Velkommen.

Møte

Norsk Misjonsselskap ynskjer alle velkomne til møte, søndag 6.nov kl 19.30.
Tale av Klaus Muff.
Jette Marie og Bjarne Steinsund syng.
Misjonsinfo og kollekt.
– NMS –

Forsamlingsmøte

Velkommen til Forsamlingsmøte

Søndag 30.oktober kl.16.00
.
Det vert tale av Håkon C. Hartvedt.
Søndagsskule for borna i kjellaren.
Servering av kaffi, saft og kaker.

-Vel møtt til godt fellesskap-
-Stord Indremisjon-

Møteveke

NLM inviterer til Møteveke på Leirvik Bedehus! 
Taler: Inge Sirevåg
Møte onsdag, torsdag, fredag og søndag kl.19:30. Laurdag kl.17:00
Ulike songkrefter deltek.
Misjonsinformasjon.
Kollekt.
– Velkommen –

Forsamlingsmøte

Velkommen til Forsamlingsmøte Søndag 16. oktober kl.16.00.
Det vert tale av Berit Hovstad.
Søndagsskule for borna i kjellaren.
Servering av kaffi, saft og kaker.

Vel møtt til godt fellesskap.
– Stord Indremisjon –