Det Norske Misjonsselskap

– BROBYGGER I ORD OG HANDLING –

Visjon

”En levende, handlende og misjonerende kirke i alle land”

NMS vart stifta 8.august 1842 i Stavanger. Første utsending frå Norge reiste hausten 1843 til Sør-Afrika. NMS er framleis engasjert med misjonsarbeid i mange land i verda.

NMS sitt hovedkontor ligg i Stavanger. Det lokale arbeidet i Norge er organisert i sju regionar. Stord Misjonsforening, som vart stifta i 1852, er ein del av dette. Styret for Stord Misjonsforening v/leiar Idun Jordåen er kontaktorgan for foreningane. I Stord finnest det barneforening, mannsforening og fleire kvinneforeningar.

”Misjon er i fokus” i Stord Misjonsforening sitt arbeid. På Leirvik bedehus deltar Stord Misjonsforening i fylgjande:

– Sunnhordlandsaksjonen – møter i januar/februar både på Leirvik Bedehus og også på andre bedehus i kommunen. NMS har rundt 40 møter i Sunnhordland under aksjonen.

– Inspirasjonsdag i mars kvart år.

– Søndagsmøter

– Vårbasar

Stord Misjonsforening treng fleire medarbeidarar i arbeidet for NMS. Her kan ein enten engasjera seg i etablerte foreningar, eller eventuelt starta nye. Styret i Stord Misjonsforening treng også nye kandidatar til neste valg.

ØNSKJER DU Å VERA MED I ARBEIDET FOR NMS ER DU HJARTELEG VELKOMEN!

Ta kontakt med Idun Jordåen – du treff henne på mob. 95941432

Legg igjen en kommentar