Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM)

Motto: Verda for Kristus

NLM vart grunnlagt i 1891 for å senda misjonærar til Kina og i dag er NLM ein av Europas største misjonsorganisasjonar. Visjonen er at Bibelens bodskap skal formidlast til menneske i utlandet og i Norge.

Organisasjonen har ca. 150 utsendingar i Afrika, Asia og Sør-Amerika. Gjennom ulike former for bistand hjelper vi dei fattigaste og gjennom menighetsbyggjande arbeid saman med nasjonale kyrkje får vi bringa den kristne bodskapen ut til stadig nye menneske. Vi bidreg med fagleg kompetanse innan helse, undervisning, økonomi, administrasjon, samarbeidsformer og teologi. Eit viktig mål for NLM er å arbeida i område der det er få kristne og lite anna misjonsarbeid. I enkelte tilfelle er dette arbeidet så sensitivt at vi på grunn av politiske og/eller religiøse tilhøve ikkje har høve til å orientere ope om alle sider ved arbeidet. I Norge har vi eit omfattande arbeid med ca. 2400 foreiningar og forsamlingar, fordelt på sju regioner.

Stord Fellesforeinging av NLM har hovudsakleg ansvar for NLM si verksemd ved Leirvik Bedehus, og består av 3 kvinneforeingingar, to mannsforeingingar og ei pensjonistforeining. Etter ny organisering er vi nå del av Region Sørvest, med adm.senter i Stavanger.

Ved Leirvik Bedehus har NLM ansvar for enkelte søndagsmøte, ca. ein gong i månaden, 1-2 møteveker i året, samt NLM si julemesse i novemer.

Vi vil gjerne ha fleire med oss i foreiningane, som er bærebjelken i misjonsarbeidet, og fungerer som bibelstudiegrupper og åndeleg kraftstasjon for oss som er med!

Ta gjerne kontakt med ein av oss:

Olav Haugen

Norsk Luthersk Misjonssamband