Den Norske Israelsmisjon

Visjon og formål

Den Norske Israelsmisjon vil i ord og handling vera med å bringa evangeliet om Jesus Messias tilbake til det jødiske folk.

 

Vår visjon:

  • Evangeliet tilbake til jødane

Vi hentar vårt mandat, vår inspirasjon og vår visjon i Gud sin plan med det jødiske folk, slik dette kjem til uttrykk i Den heilage Skrifta, formidla gjennom profetar og apostlar, og stadfesta i Jesus Messias.

Difor deler vi den første kyrkjelyden si naud, teneste og bøn for det jødiske folk, slik dette er uttrykt av apostelen Paulus:

 For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så (Rom.1,16)
Mine sysken, eg ønskjer av hjartet og bed til Gud at dei må bli frelste. (Rom.10,1)


Vårt formål:

  • vekke til ansvar for jødane
  • forkynne evangeliet for dei
  • vise dei kristen kjærleik

Dette er både ein historisk arv og ein aktuell utfordring, og dannar difor utgangspunkt for våre prioriteringar.

Me vil gjera den kristne kyrkja bevisst på at trua har eit jødisk utgangspunkt og ein jødisk dimensjon som både uttrykker  forankringa vår og at me framleis har ei forplikting. Gjennom det jødiske folk har me fått del i Gud sine lovnader, og saman med dei er vi forsona med Gud ved trua på Jesus Messias som døde, stod opp og lever. (Efes.2,11ff). Kjennskapen om trua sine jødiske røtter og vår tilknytning til det jødiske folk vil skapa eit aktivt engasjement for jødane og ei fornying av trua og livet.

Me vil møte det jødiske folk med respekt og audmjukskap, samtidig som me i ord og handling vil formidla den kjærleiken me har møtt gjennom Jesus Messias. Dette møtet inneber også vitnemålet  om at Jesus er den lova Messias og Frelser for jøde først (Rom.1,16). Difor vil me i særleg grad visa vår støtte til og omsorg for de jødane som i dag vedkjenne trua på Jesus som Messias og Guds Son.

Me vil i ord og handling arbeida for fred og forsoning mellom menneske både i vårt arbeid i Norge og i andre land, og særleg i møte mellom jødar og palestinarar.

 

Israelsmisjonen si heimeside er: www.israelsmisjonen.no

Kontakt for Israelsmisjonen på Leirvik bedehus:
Henry Nygård
Telefon: 416 62 458
Mail: henrynygard@gmail.com