Misjonssambandet vart grunnlagt i 1891 for å senda misjonærar til Kina. Etter 2. verdenskrig vart Kina stengt for misjonærar og Misjonssambandet flytta misjonærane til andre land. Misjonssambandet har eit stort arbeid i Norge og i omtrent 15 land i Afrika, Sør-Amerika og Asia.
Visjonen til Misjonssambandet er «VERDA FOR KRISTUS», at Bibelen sin bodskap skal formidlast til menneske i utlandet og i Norge. «De skal vera mine vitne»
Misjonssambandet samarbeider med nasjonale kyrkjer og lokale styresmakter og organisasjonar. Misjonssambandet støttar og med fagleg kompetanse innan helse, undervisning, økonomi, administrasjon, samarbeidsformer og teologi. Eit viktig mål for Misjonssambandet er å arbeida i område der det er få kristne og lite anna misjonsarbeid. I enkelte tilfelle er dette arbeidet så sensitivt at vi på grunn av politiske og/eller religiøse tilhøve ikkje har høve til å orientere ope om alle sider ved arbeidet.
I Norge har Misjonssambandet om lag 2400 foreiningar og forsamlingar, fordelt på sju regionar.
Stord Fellesforeinging av Misjonssambandet har hovudsakleg ansvar for Misjonssambandet si verksemd ved Leirvik Bedehus, og består av 2 kvinneforeingingar, to mannsforeingingar. Etter ny organisering er vi nå del av Region Sørvest, med adm.senter i Stavanger. Ved Leirvik Bedehus har Misjonssambandet ansvar for enkelte søndagsmøte, ca. ein gong i månaden, 1-2 møteveker i året, og Misjonssambandet si julemesse i novemer.
Foreiningane er bærebjelken i misjonsarbeidet og fungerer som bibelstudiegrupper og åndeleg kraftstasjon for oss som er med!
Ta gjerne kontakt
Oddvar Naustdal