FAMILIELEIR PÅ HELGATUN OG BRANDØY 6.-10.juli 2012.

GLED DEG !!! Endeleg kan ”draumen” gå i oppfylling! Tenk å få reisa på familieleir med bibelsamlingar, møte, mat, leikar, humor, alvor, musikk, song og masse aktivitetar tilrettelagt for heile familien. Me har eit strålande tilbod på Brandøy og Helgatun 6.-10.juli.

Påmeldingane er alt komen igong og me gler oss. Spreke og oppfinnsame leiarar står klare til å leggja alt til rette på beste måte for alle som kjem. Borna og ungdommane vert delt inn i ulike klassar slik at samlingane og aktivitetane skal passa for den enkelte. Dei vaksne skal også få dekkja sitt behov med tanke på undervisning og opplegg. Og sjølvsagt vil me ha fellessamlingar for alle. For mange betyr det mykje at me har ”barnevakter” i gongane på kveldane slik at dei vaksne kan vera på si samling og veta at borna har det tryggt der dei er.

Leiarar på Brandøy vert:

Olaug og Jan Ove Fagerheim, Ingebjørg og John Morten Espevik, Rakel og Bjørn Saghaug, Kristin og Tor Espen Kristiansen, Kåre Johan Hamre. I tilegg vert også ein ungdomsgjeng  med.

Leiarar på Helgatun  vert:

Linda og Bjarte Nordtun, Torill og Alf Jarle Langeland, Åstrid og Svein Bjarne Aase, Gunhild og John Inge Rolfsnes.   I tilegg vert ein ungdomsgjeng med.

Me gler oss til å møta dykk. Påmelding kan gjerast til Indremisjonskontoret tlf.53410704, post@indremisjonen.no eller www.indremisjonen.no

Misjonssambandet

minner om møteveke ved Leirvik Bedehus tysdag t.o.m. søndag (ikkje laurdag).
Talar er områdearbeidar i Region Sørvest, Stein Sandvik frå Jørpeland.
Annonse også i Bladet Sunnhordland tysdag og fredag.

Sjå kalender til høgre for møtetidspunkt.

Vintermøte

Indremisjonssamskipnaden håpar på stort frammøte og ei flott samling med program for alle aldrar når dei skipar til Vintermøte komande sundag. Hovudtalar er generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Erik Furnes, som også har ei fortid på Stord saman med kona si Anne.

Vintermøte vert ei samling med song og musikk, barneprogram,  IMS -hjørne, kveldens gjester og  forkynning, seier dagleg leiar Svein Bjarne Aase.  Erik Furnes som er kveldens talar, kjem opphavleg frå Giske på Sunnmøre. Han har fleire år bak seg som kretsleiar i Sunnmøre Indremisjon og formann i Indremisjonsforbundet. Sommaren 2009 flytta familien frå Sunnmøre til Bergen der Erik tok over som generalsekretær i Indremisjonsforbundet, medan kona Anne starta som bibelskulelærar på Bildøy bibelskule. Anne og Erik Furnes er også godt kjente for mange på Stord frå åra dei budde her, og var aktivt med i misjonsarbeidet i Leirvik bedehus.

På vintermøte får me også vitjing frå Aksdal. Det er Solveig og Geir Arne Eriksen som vil fortelja om korleis livet vart endra då dei tok del i nokre aksjonsmøte i Aksdal kyrkje. For Geir Arne førte desse møta til at livet fekk eit anna innhald, og for heile familien vart det ein heilt ny kvardag. Me vil ha ein samtale med Geir Arne på møte,  og Solveig vil også gleda oss med song.

Elles vil mange av våre lokale leiarar og musikkarar delta. Me gler oss til Vintermøte i Leirvik bedehus og  ynskjer alle hjarteleg velkomne !