Møtehelg

Førstkomande helg får me ved Leirvik og Horneland Bedehus  besøk av tidlegare bibelskulerektor ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole i Oslo, Egil Sjaastad.  

Egil Sjaastad (fødd 4. juli 1949 i Skogn) er forfattar og har frå 1983 vore lærar /dosent ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole, der han også var rektor ved bibelskulen i perioden 1986 til 1999. Han er cand.theol. frå Menighetsfakultetet og har tidlegare vore misjonssekretær i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag. Han har også vore landsungdomssekretær i Norsk Luthersk Misjonssamband.

Sjaastad var i fleire år redaktør av tidsskriftet Fast Grunn. Andaktsboka hans Lyskasteren har kome i ei rekkje opplag og er ei av dei mest selgde andaktsbøkene for ungdom. Han har også skrive fleire bøker  og skrive mange artiklar og andaktar.

Egil Sjaastad vil halda bibeltimar ut frå Efesarbrevet.  Det vert møter/bibeltimar ved Leirvik Bedehus fredag, laurdag og søndag kveld, og han vert med på møte ved Horneland bedehus søndag f.m.  Sjå annonse i fredagsavisa.

Konsert med Sveinung Hølmebakk

Konserten med Sveinung Hølmebakk torsdag blei delt i to:
Torsdag 16. des kl 18 og Torsdag 16. des kl 20 med plass til inntil 50
Konsertane vert vart avholdne med gode smittetiltak.
Det er plass til inntil 50 på kvar konsert , nummererte seter og avstand mellom setene. Det blir tilviste seter med rekkenummer 1-6 og setenummer 1-8.
Det vert spriting, ledig sete mellom deltakarane, og god plass. Dei som vil må gjerne bruka munnbind, dette blir delt ut under registreringa dersom du vil ha.

Konserten til Ingebjørg Andrea Ådnanes vart dessverre avlyst.
Du får nyta den flotte musikken til Ingebjørg på Spotify istadenfor:
Link til Ingebjørg sin Spotify profil

Melding til deltakarne på UKS 12 mars.

Denne meldinga har me sendt til alle deltakarne på UKS 12 mars

Ein av ungdommane på UKS Leirvik Bedehus 12.03 testa positivt for Covid-19. Ca 40 ungdommane som var på denne samlinga, vart definert som nærkontakt til den smitta og måtte derfor vere i karantene og testes.