Kjør igjønå-basar

Søndag 21. juni kl. 17 vert det basar til inntekt for IMS utanfor Horneland bedehus.

Du køyrer gjennom ei løype på parkeringsplassen med lynlotteri, aktivitetar og servering av boller. Hovudtrekninga vert sendt live kl. 19 på Facebook og indremisjonssamskipnaden.no. Viss du ikkje kan ta turen kan du ta lodd viss du brukar Vipps #102696 Merk med namn. 20 kr per lodd.