Status opp-pussinga i kjellaren

Gode nyheter, då er me ferdig med del ein av oppussinga i kjellaren, fått veggane der dei skal vera, rydda og vaska ut. Tusen takk til alle som har vore innom på dugnad, og til dei som ikkje fekk mulighet kjem fleire sjangsar om nokre veker. No blir det ein pause medan me bestemmer overflater og kjøper inn det som skal til, og elektrikarane og andre får jobba seg ferdige. Kjellaren kan no brukast som normalt, sjølv om ikkje alle overflater er ferdige.