Gospel Teens, Øygarden er eit gospelkor for ungdommar frå 5. klasse opp til 18 år. Annan kvar tysdag øver me i to timar i Blomvåg kyrkje.
– Me har sjølvsagt mykje song og musikk, men vi set og av tid til andakt, bøn, litt mat og sosialt samvær, seier Olaug M. Rong, Kate Solsvik, Åse-May Solsvik Blom, Ranja B. Sjøstrøm og Gustav Landro som er korets leiarar. Denne våren har me øvd inn songar til vårturnéen me skal ha til Stord og Bømlo 12.-14. april. Me er 30 songarar og rundt 20 vaksne som alle gleder seg stort til å dra på tur med koret J
På Gospelnighten i Leirvik vil de få høyre både norske og engelske songar. Me syng songar frå blant anna Oslo Soul Children, Seven-jentene, Oslo Gospel Choir, og Jarle Waldemar. Det vil også verte litt allsong/lovsong og me ynskjer å samle inn ein kollekt til “Open Heart” som driv arbeid blant gateborn i Ukraina.
18 flotte ungdommar på første øving denne hausten! Her syng dei “Lær oss å gå”.