Karnevalsøving!

Levande Lys skal ha karnevals-øving på mandag 20 feb. Det blir spennanade å sjå korleis koret ser ut med ulike kostymer! Det blir song underhaldning og kalender. Me gler oss!

UKS

På fredag 17 var det UKS som vanleg. Sjølv om mange var på leir på Helgatun, http://www.helgatun.no/ var me ein god gjeng! Det var andakt og sal av pizza brus og is.  Me hadde fyr på peisen og! Alle koste seg med prat, avslapping, leikar, bordtennis og biljard.

Vintermøte

Me hadde eit flott Vintermøte!

Lovsong på vintermøtet

 

Generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Erik Furnes talte, og det var mykje song og musikk, barneprogram,  IMS -hjørne, gjester og god forkynning! Det kom masse folk og me hadde det flott i lag!

Forsamlingshelg på Solgry 27.-29 april!

Stord Indremisjon treng nokre fleire, i alle aldrar, til å vere med i arrangørgruppe for Forsamlingshelg på Solgry 27.-29 april! Dersom nokon ynskjer å vere med i arrangørgruppa kan dei ta kontakt med Gunhild Aadland Rolfsnes : epost gunhildsofie@yahoo.no

Møteveka fortset!

Etter mange sitt ynskje er det beslutta at møteveka fortset!

Møteveka fortset!
Møteveka fortset!

Claus talar. Det vert møte:

Onsdag 1. februar kl 19.30,

Torsdag 2. februar kl 19:30

Søndag 5. februar kl 17:00

ALLE er hjarteleg velkomne. Det er bønemøte ein halv time før møtet. På søndag vert det samling for borna under talen.