Førstkomande helg får me ved Leirvik og Horneland Bedehus besøk av tidlegare bibelskulerektor ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole i Oslo, Egil Sjaastad.
Egil Sjaastad (fødd 4. juli 1949 i Skogn) er forfattar og har frå 1983 vore lærar /dosent ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole, der han også var rektor ved bibelskulen i perioden 1986 til 1999. Han er cand.theol. frå Menighetsfakultetet og har tidlegare vore misjonssekretær i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag. Han har også vore landsungdomssekretær i Norsk Luthersk Misjonssamband.
Sjaastad var i fleire år redaktør av tidsskriftet Fast Grunn. Andaktsboka hans Lyskasteren har kome i ei rekkje opplag og er ei av dei mest selgde andaktsbøkene for ungdom. Han har også skrive fleire bøker og skrive mange artiklar og andaktar.
Egil Sjaastad vil halda bibeltimar ut frå Efesarbrevet. Det vert møter/bibeltimar ved Leirvik Bedehus fredag, laurdag og søndag kveld, og han vert med på møte ved Horneland bedehus søndag f.m. Sjå annonse i fredagsavisa.