Indremisjonssamskipnaden håpar på stort frammøte og ei flott samling med program for alle aldrar når dei skipar til Vintermøte komande sundag. Hovudtalar er generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Erik Furnes, som også har ei fortid på Stord saman med kona si Anne.
Vintermøte vert ei samling med song og musikk, barneprogram, IMS -hjørne, kveldens gjester og forkynning, seier dagleg leiar Svein Bjarne Aase. Erik Furnes som er kveldens talar, kjem opphavleg frå Giske på Sunnmøre. Han har fleire år bak seg som kretsleiar i Sunnmøre Indremisjon og formann i Indremisjonsforbundet. Sommaren 2009 flytta familien frå Sunnmøre til Bergen der Erik tok over som generalsekretær i Indremisjonsforbundet, medan kona Anne starta som bibelskulelærar på Bildøy bibelskule. Anne og Erik Furnes er også godt kjente for mange på Stord frå åra dei budde her, og var aktivt med i misjonsarbeidet i Leirvik bedehus.
På vintermøte får me også vitjing frå Aksdal. Det er Solveig og Geir Arne Eriksen som vil fortelja om korleis livet vart endra då dei tok del i nokre aksjonsmøte i Aksdal kyrkje. For Geir Arne førte desse møta til at livet fekk eit anna innhald, og for heile familien vart det ein heilt ny kvardag. Me vil ha ein samtale med Geir Arne på møte, og Solveig vil også gleda oss med song.
Elles vil mange av våre lokale leiarar og musikkarar delta. Me gler oss til Vintermøte i Leirvik bedehus og ynskjer alle hjarteleg velkomne !