Leirvik bedehus 17.-20. jan. 2019
Talar: Tor Ingvald Lauvrak
Tema: Jesus lever
Torsdag 17. jan. kl. 19.00 Møte. Song av Lovsongsbrørne
Enkel kaffiservering
Fredag 18. jan. kl. 20.00 (Merk tida) Møte. Band frå UKS. Kveldsmat
Laurdag 19. jan. kl. 19.00 Møte. Song og musikkveld med Ichtus. Quiz. Sal av pizza.
Søndag 20. jan. kl. 19.00 Søndagsmøte.
Bønesamling ein halv time før kvart møte.
Kollekten går til IMS
Velkomne! Arr: Stiftelsen Leirvik bedehus
Taleopptak torsdag:
Nyttårsfest 6 januar kl 17
Vel møtt til bedehusforsamlinga sin
N Y T T Å R S F E S T
søndag 6. januar 2019 kl 17:00
Tale og misjonsinfo om NOREA ved
medie-/WEB-pastor Asbjørn Kvalheim
Song: Bjørn Steinar og Rolf Hauge.
Opplesing. Kollekt til NOREA.
Matøkt. Juletregang.
Arrangør NLM.
Me syng jula inn
Opptak av talen på forsamlingsmøte 2. desember
Talene fra IMF Stord vil fra nå av bli lagt ut på podcast. Søk opp «IMF Stord» på din podcast spiller eller på www.podbean.com. Talene vil fortsatt kunne bli avspilt på nettsida her.
JULEMESSE LEIRVIK BEDEHUS 2018
Kva med å ta laurdaggsgrauten på bedehuset?
Stiftelsen Leirvik Bedehus held si årlege julemesse laurdag 24. november kl. 13. Då er store og små velkommne til sosialt samver, kafè, laurdagsgraut, pølser og lotteri. Det er julemessa som m.a. gjer at vi kan oppretthalda drifta av bedehuset. Den gjev fine inntekter.
Her er mange driftige hender som gjennom året lager fine handarbeid, baker kaker og syner stor gjevarglede. Ikkje minst er det viktig med alle som er med og tek lodd i butikkane.
Julemessa vert i år gjennomført i ei økt. Det vert åresal, eige barnelotteri med m.a. sykkel som premie. Det vert lykkehjul med gevinstar for dei minste. På julemessa vert det og salsbord med lefser, julekaker, snop, kristornpynt og mykje anna spanande.
Vi gler oss til å høyra Lovsongsbrørne og andakt ved Eirik Aa Tappel.
Store og små er velkomen til å møtast til ei hyggjeleg familiestund på bedehuset.