Stiftelsen Leirvik Bedehus held si årlege julemesse laurdag 24. november kl. 11. Då er store og små velkommen til sosialt samver, kafe og lotteri. Kvifor held me denne årlege messa? Det er julemessa som m.a. gjer at vi kan oppretthalda drifta av bedehuset for eit år om gongen. Her er mange driftige hender som gjennom året lager fine handarbeid, baker kaker og syner stor gjevarglede. Det er mange friviljuge som er med og hjelper til slik at dette lar seg gjennomføra.
Ikkje minst er det også viktig med alle som er med å tek lodd i butikkane.
Julemessa vert i to økter. På føremiddagen får vi andakt ved Kari Aadland Tappel og sang ved barnekoret Levande Lys.
Om ettermiddagen starter vi opp att kl. 16.30. Her gleder vi oss til å høyre Lovsongsbrørne og andakt ved Ola Malvin Lomheim.
Store og små er velkomen til å møtast til ei hyggjeleg familiestund på bedehuset.
Stiftelsen Leirvik Bedehus
styret