JULEMESSE LEIRVIK BEDEHUS 2018

Kva med å ta laurdaggsgrauten på bedehuset?

Stiftelsen Leirvik Bedehus held si årlege julemesse laurdag 24. november kl. 13. Då er store og små velkommne til sosialt samver, kafè, laurdagsgraut, pølser og lotteri. Det er julemessa som m.a. gjer at vi kan oppretthalda drifta av bedehuset. Den gjev fine inntekter.

Her er mange driftige hender som gjennom året lager fine handarbeid, baker kaker og syner stor gjevarglede. Ikkje minst er det viktig med alle som er med og tek lodd i butikkane.

Julemessa vert i år gjennomført i ei økt. Det vert åresal, eige barnelotteri med m.a. sykkel som premie. Det vert lykkehjul med gevinstar for dei minste. På julemessa vert det og salsbord med lefser, julekaker, snop, kristornpynt og mykje anna spanande.

Vi gler oss til å høyra Lovsongsbrørne og andakt ved Eirik Aa Tappel.

Store og små er velkomen til å møtast til ei hyggjeleg familiestund på bedehuset.

Plakat sjå her