Fullt hus på Paul Colemankonsert
Paul Colman konsert tirsdag 17. februar kl 19:00
17. februar blir det konsert med Paul Colman. Den festlege britisk-australske artisten, som no er busett i USA, besøkte Skjærgårds LIVE Sunnhordland i mars i fjor. Han kunne ikkje la det gå eit heilt år før han kom tilbake til Sunnhordland, noko me synes er VELDIG kjekt! Sett av tirsdag 17. februar! Dette blir ein heilaftens KANON kveld!! 😀
– Stein Raunehaug frå NLM skal ha ein liten appell til oss.
– Bildøy blir med på stand.
– INTENS-bandet blir med som oppvarming
Stad: Leirvik Bedehus Pris: Ikkje medlem: 150,-
Tid: 17. februar kl. 19.00 Medlem i Skjærgårds LIVE: 50,-
Temadag til inspirasjon og bevisstgjering – for alle interesserte
Komande laurdag 7. februar arrangerer IMS temadag på Salem på Bømlo, i samarbeid med Moster Indremisjon.
Tema kl 1100 -1300: Nådegåver og helbreding
Olav Eikemo, vår eigen forkynnar, vil undervisa i «Nådegåver og helbreding». Olav deler erfaringar frå eige liv og vil gå inn i den Bibelske forståinga av temaet.
«Tru i heimen» kl 1400-1600
Då me gjennomførte Foreldreskulen på Gilje i haust kom det mange positive tilbakemeldingar på kor viktig temaet er. «Dette burde vore eit tilbod til alle kristne foreldre», var eit utsagn. No har de sjansen! All forskning seier at det er foreldra som har størst påverknad på sine barns tru. Her har me store moglegheiter. Nyttar me dei? Korleis kan me vera med og oppgløda kvarandre og bevisstgjera kvarandre? Jorunn Singstad Djupvik, som til dagleg jobbar i Bibelleseringen i Oslo, vert med. Ho snakkar varmt og ope om temaet, utan at du skal kjenna på dårleg samvit for alt du ikkje har fått til.
For deg som vil gå i gong med kurs i di heimbygd
Kanskje vert du så inspirert av det du høyrer Jorunn fortelja, at du tenkjer «dette må fleire få del i». Jorunn har treffpunkt i etterkant (kl 1615) for deg som vil vita litt meir om kurset. Marit Ådnanes vert også tilstades, og kan dela erfaringar frå kurset dei hadde på Gilje i november.
Matpause
I pausen kl 1300-1400 vert det servert pizza (ta med pengar). Me tar opp «bestilling» på første seminarbolk. Elles vert det kaffi/te med litt snacks.
Heile eller deler av dagen
Me anbefalar sjølvsagt at du får med deg heile dagen på Salem. Skulle du av ulike grunnar ikkje få dette til, kom og få med deg det du har høve til.
Møteveke med Johnn Hardang 21. – 25. januar
Tema: Felleskap og fornying
Onsdag 21. jan kl 19:00 Møte, Sunnhordalandsmusikken deltar Bønemøte kl 18:30
Torsdag 22. jan kl 19:00 Møte, Lovsongsbrødrene deltar Bønemøte kl 18:30
Fredag 23. jan kl 20:00 Møte, UKS og Intenz band deltar Bønemøte kl 19:00
Kaffi før møtet, Ungdomsopplegg med UKS etter møtet.
Laurdag 24. jan kl 17:00 Bibeltime. Kaffi etter møtet Bønemøte kl 16:30
Søndag 25. jan kl 16:00 Møte, Ichtus deltar, barneopplegg Bønemøte kl 15:30
På det første møtet i møteveka gledde Sunnhordalandsmusikken oss med song. Bibelskulen på Bildøy besøkte oss og presenterte seg. Johnn hadde ein god tale. Flott møte med mange frammøtte. Alle er hjertelig velkommne til dei neste møta!
Hovudtalar på møta: Radiopastor Johnn R. Hardang. Han er ein norsk pastor som arbeider for P7 Kristen Riksradio og har ansvar for programserien Vindu mot livet. Fem dagar i veka vert programmet sendt på meir enn førti norske lokalradiostasjonar. Programma er også tilgjengelige på internett (høyr på programma her). Hardang bruker ein tredjedel av arbeidstida si på reiseverksemd, med bibelhelgar og evangeliserande opplegg. Han bur i Straume i Fjell kommune. Han har også gitt ut bøker og hefter. Hardang vart tildelt Kristen Radioforum sin heiderspris 2013 for arbeidet sitt i radio P7.
Arrangørar: NLM, NMS, Stord Indremisjon, Israelsmisjonen, Stiftelsen Leirvik Bedehus, Sjømansmisjonen og Normisjon