Kundekveld på SunnBok

Kom i julestemning; Bli med på Kundekveld på SunnBok Torsdag 29.nov kl.18.00 – 21.00

Denne kvelden:
* 10 % avslag på alt i butikken!
* Maksrabatt på Bailey Flanigan-serien frå Karen Kingsbury (12,5%)
* Kjøp skinnbibel og få navnetrykk gratis
* 2 siste Jarle-TV DVDar til KUN kr 149
Mykje julemusikk til kun kr 99!

Julegløgg og heimebakst

Alle som handlar får eit lodd: Trekning av gåvekort kr 500

Bli med på ein kveld der du har god tid
til å kikka på alt me har å by på

Julemesse Leirvik Bedehus

Stiftelsen Leirvik Bedehus held si årlege julemesse laurdag 24. november kl. 11. Då er store og små velkommen til sosialt samver, kafe og lotteri. Kvifor held me denne årlege messa? Det er julemessa som m.a. gjer at vi kan oppretthalda drifta av bedehuset for eit år om gongen. Her er mange driftige hender som gjennom året lager fine handarbeid, baker kaker og syner stor gjevarglede. Det er mange friviljuge som er med og hjelper til slik at dette lar seg gjennomføra.

Ikkje minst er det også viktig med alle som er med å tek lodd i butikkane.

 

Julemessa vert i to økter. På føremiddagen får vi andakt ved Kari Aadland Tappel og sang ved barnekoret  Levande Lys.

Om ettermiddagen starter vi opp att kl. 16.30. Her gleder vi oss til å høyre Lovsongsbrørne og andakt ved Ola Malvin Lomheim.

Store og små er velkomen til å møtast til ei hyggjeleg familiestund på bedehuset.

 

Stiftelsen Leirvik Bedehus

styret

Julemesse på Leirvik Bedehus

Lørdag 10. November inviterer NLM til julemesse på Leirvik Bedehus! Det vert salg av håndarbeide, julebakst, batikk og ullprodukter. Kafe heile dagen med «Kinamat» m.m.
Åresalg, kransekake/fruktkorg trekning, hovudtrekning.

Program:
10:00 – Julemesse opner
12:00 – Andaktstund med Sverre Hovda, Aspirant-korpset vert med.
13:00 – Manekeng oppvisning
17:00 – Andaktstund med Sverre Hovda
20:00 – Julemesse slutt

Vel møtt!

Juleverkstad 8. desember

No kan det vel henda at nokon syns det er litt i tidligaste å komma med
invitasjon til juleverkstad!?! Det kan så vera, men me ynskjer likevel å gi dåke mulighet til allereie no setja av denne kvelden!! Førjulstida er som skapt for kveldar med levande lys, pepperkaker, mandariner, musikk, julebodskapen, gode venner og masse forventningar! Me ynskjer å invitera små og store til ein feelgood kveld i starten på desember. Så finn fram almanakken no, og skriv ned dato for juleverkstaden!! 

Me gler oss til å komma i god, gammeldags julestemning:-)